© 2010 Ottar Ksa, Felemarkar.no

Bilete frå verkstaden min

Øystein Greni, vokalist og gitarist i Big Bang, hentar ein av gitarane eg har rosa for han:


Leif Rygg prøvar ei av dei siste felene eg har fått ferdig.

Anders Røine studerar arbeidet som er gjort på Frøysaa-fela hans. Neste dag skulle Anders til Japan på turnè, og difor var det greitt å få ei overhaling på fela fyrst.

Knut Hamre prøvar ei av dei siste felene eg har laga. Fela er no i eige av Lars Ingar Meyer Fjeld frå Sandefjord.

Hardingfele under rosearbeid. Rosene har eg komponera og utforma sjølv, med inspirasjon frå felemakarar som Olaf G. Helland, Olav K. Venaas og John Tjønn. Til høgre ser du beinlagde stillepinnar med tradisjonell dekor.

Fela må lakkerast med 15-20 tynne lag med lakk før ho kan gjerast klar til bruk. Lakken bør ikkje vera for tjukk, og heller ikkje for hard; i begge fall vil det vera hemmande for resonansen i fela. Lakken er ein av dei mest omstridte tema innan felemakeri, og det finst ei mengd ulike teoriar. Den lakken eg brukar her, er spritlakk med blant anna propolis som ein viktig ingrediens.

Her er bilete av to hardingfeler eg bygde medan eg var i lære på Ole Bull akademiet på Voss. Den eine er bygd på "tronda-modell," dvs. av den gamle typen hardingfeler som var bygd i Hardanger på 1700-talet (Den er idag i eige av Gunnar Stubseid, og er å høyre på cd`n hans, "Gorrlaus.") Den andre er ei "moderne" hardingfele, laga på ein Stadivarius-modell.
Hardingfela bør helst ha ein hals..
Da e ikkje lett å stemma felo når hòla er firkanta og skruvane trekanta!
- Sigbjørn Bernhoft Osa

NYHENDE

03.07.2012
CD -utgjeving
I samband med at eg vann Landskappleiken i 2011, vart eg tilbydd platekontrakt med platese...
[Les meir]

03.07.2012
Instrumentutstilling Landskappleiken 2012
Under årets Landskappleik på Otta vann eg instrumentutstillinga med mi siste hardingfel...
[Les meir]