© 2010 Ottar Ksa, Felemarkar.no

Spelemann Ottar Kåsa

Eg er aktiv også som spelemann, og tek gjerne imot speleoppdrag av ulik art. Eg har heldt konsertar og kurs både i Noreg og utlandet, og er A-klassespelemann på kappleiksfronten. Eg har vunne Landskappleiken klasse A 4 gonger, i 2011,2012, 2015 og 2016.

Under Landskappleiken 2012 sleppte eg min fyrste solo-cd, utgjeven av Ta:lik. Denne cd`en vann årets Folkelarm-pris for beste soloplate 2012, og spelemannsprisen for beste plate i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk i 2012. Om du vil høyre denne plata, kan du høyre ho på spotify (sjå linken under), eller du kan bestille ho direkte frå meg. I 2016 slepte eg mi andre soloplate, "kjoskrullen," som fekk Folkelarmprisen for beste soloplate dette året.

Eg trur ikkje eng`lenn i himmelen syng finar` hell` Lars spølå`!
- Anne Fykerud (kona te Lars)

NYHENDE

03.07.2012
CD -utgjeving
I samband med at eg vann Landskappleiken i 2011, vart eg tilbydd platekontrakt med platese...
[Les meir]

03.07.2012
Instrumentutstilling Landskappleiken 2012
Under årets Landskappleik på Otta vann eg instrumentutstillinga med mi siste hardingfel...
[Les meir]