© 2010 Ottar Ksa, Felemarkar.no

NYHENDE

21.02.2013

Spelemannspris

Den nye plata mi, som rett og slett heiter "Ottar Kåsa," vann spelemannsprisen i kategorien folkemusikk/ tradisjonsmusikk, for beste plate i 2012. Dette er ei stor ære!
03.07.2012

Instrumentutstilling Landskappleiken 2012

Under årets Landskappleik på Otta vann eg instrumentutstillinga med mi siste hardingfele, og vart med det tildela sylvmedalje for dette arbeidet.
03.07.2012

CD -utgjeving

I samband med at eg vann Landskappleiken i 2011, vart eg tilbydd platekontrakt med plateselskapet Ta:lik, og har no gjeve ut min fyrste solo-cd. Denne vart slept under Landskappleiken på Otta, og er å få hjå Ta:lik. Cd`en inneheld eit variera utval av slåttar, hovudsakleg frå Telemark.
17.07.2011

Landskappleiken 2012

Under årets Landskappleik på Otta vann eg A-klassa for andre året på rad, på den same sjølvbygde fela. Dette var fine dagar øvst i Gudbrandsdalen!
14.12.2010

Spesialstol på Ole Bull-fiolin

I forbindelse med konserten eg var med på i Den norske opera, vart eg beden om å laga ein spesialstol til ei Erik Johnsen Helland-fiolin, som i si tid skulle ha tilhøyrd Ole Bull.

Bull vart kjend som ein nokså eksperimentell og ekspansiv musiker, som heile tida leita etter å utvide den musikalske horisonten. Ein av dei originale ting han gjorde, var å laga ein fiolinstol som likna meir på hardingfelestolen enn ein normal fiolinstol, dvs mykje flatare på toppen, og slik kunne han spela firstemt på ei fiolin. At dette er mogleg demonstrera Ragnhild Hemsing på konserten, med stor lukke.
12.10.2010

Kopi av "Kjempa"

Eg held for tida på med å laga ein kopi av eit av dei beste instrumenta frå Erik Johnsen Helland, nemleg "Kjempa" frå 1864. Fela har vore i eige av både Leiv Sandsdalen, Halvor og Gunnulv Borgen, og har vore flittig brukt. Den spelemann som har brukt ho mest i nyare tid, er Sveinung Dalen frå Bø. Bilete og meir informasjon om framgangen i prosjektet kjem etterkvart..
Eg har spela fele i 50 år, og stemt i 25.
- Ukjend (truleg ein raklespelemann..)