© 2010 Ottar Ksa, Felemarkar.no

Felemakeri i B� i Telemark




Felemakeriet i B� B� i Telemark har hatt eit rikt milj� b�de n�r det gjeld spelemenn og felemakarar gjennom dei siste 200 �r. N�r det gjeld felemakeriet, har det s�rleg vore dominert av felemakardynastiet Helland/ Steintj�nndalen, som kom til � prege hardingfelas utvikling i B� og resten av landet gjennom 4 generasjonar. Eg vil her kort nemne nokre av inspirasjonskjeldene mine:


John Eriksen Helland(1790-1862)
John Eriksen Helland er den fyrste felemakaren me kjenner i B�. Han laga b�de fiolinar og hardingfeler, og det heitest at han skal ha l�rt felemakeri av b�de Karl Mathiesen Rue (1742-1829) fr� Kviteseid og Ola Nilssen Gullbekk (ca 1755-1836) fr� Seljordsheii. Den eldste fela me kjenner til fr� John Eriksen Helland er fr� 1815. John var i tillegg musiker; han deltok som tambur i den dansk-norske h�ren fr� 1807-1812, og var ogs� god spelemann p� hardingfele. John Eriksen Helland var ein hendig tusenkunstnar: Han arbeidde b�de som snekkar, treskjerar, gardbrukar og kj�kemeistar, i tillegg til � vera felemakar. John Eriksen Helland fekk to s�nner som tok vidare arven etter faren, nemleg Erik Johnsen Helland og Eilev Johnsen Steintj�nndalen:


Erik Johnsen Helland(1816-1868)
Erik Johnsen Helland er utan tvil den hardingfelemakaren som har hatt mest � seie for utviklinga av den moderne hardingfela. Saman med broren Eilev utvikla han ein ny hardingfelemodell som l�g n�rare fiolinen. Han laga ei mengd instrument, b�de hardingfeler, fiolinar, bratsjar, celloar og langeleik, og hadde ei tid verkstad b�de i B�, Oslo og Horten. Han var s�rs anerkjend i eiga samtid for sine instrument, og laga feler til Myllarguten, H�vard Gib�, Ole Bull, Knut Dahle, Leiv Sandsdalen og til mange andre. Erik Johnsen Hellands instrument vitnar om ein felemakar med stor kreativitet og fagleg integritet. Instrumenta som er bevara syner stor variasjon i form, st�rrelse og utsmykking, noko som nok speglar ei sterk trong til utvikling og utforsking av hardingfelas potensiale. Dette gjer Erik Johnsen Helland til ein av dei viktigaste felemakarar me har hatt i Noreg like fram til i dag.


Eilev Johnsen Steintj�nndalen(1821-1876)
Eilev Johnsen Steintj�nndalen var 5 �r yngre enn broren Erik, og starta si felemakarkarriere fyrst rundt 1850. Han synte tidleg eit stort talent, og handverket p� felene etter Eilev er s�rdeles fint utf�rt. Det finst idag langt f�rre instrument etter Eilev enn etter broren, og han laga truleg berre hardingfeler. Tonen i desse felene er s�rs fin og malmfull, og han har difor vore eit ideal for mange av felemakarane i seinare tid.

Olaf G. Helland (1875-1946)
Den kanskje mest omtala og respekterte felemakaren av dei alle er nok Olaf G. Helland. Han var f�dd og oppvaksen i B�, men flutte til Notodden rundt 1895, og starta eigen felemakarverkstad her. Han vart buande her resten av livet, og var aktiv felemakar fram til han d�ydde like etter 2. verdskrigen. Ved sida av R�stad reknast han som den st�rste hardingfelemakaren me har hatt i dette landet. Arbeidet er av einest�ande h�g klasse, og viser eit handlag av dei sjeldne. S�rleg er han vel kjend for dei lange, smekre ljodhola, og den sirlege rosinga, noko som gjer desse felene s�rleg flotte � sj� til. Av dei som har og har hatt hatt stor glede av O.G Helland sine feler, er m.a Gjermund Haugen, Eivind Mo, Knut Hamre, Leif Rygg, Hallvard T. Bj�rgum og mange fleire. Dei beste av desse felene har ein s�rs djup, kraftig og malmfull tone, og ein spesielt lang, flaumande etterklang. Dette har gjort dei s�rleg popul�re blant spelemenn p� Vestlandet og i Setesdal.



Kjelde: Bj�rn Aksdal, "Hardingfela, felemakerne og instrumentets utvikling," Trondheim 2009
Eg trur eg visste noko av løyndommen i spelet..
- Lars Fykerud

NYHENDE

21.02.2013
Spelemannspris
Den nye plata mi, som rett og slett heiter "Ottar Kåsa," vann spelemannsprisen i kategori...
[Les meir]

03.07.2012
CD -utgjeving
I samband med at eg vann Landskappleiken i 2011, vart eg tilbydd platekontrakt med platese...
[Les meir]