© 2010 Ottar Ksa, Felemarkar.no

Velkomen til felemakar.no

Eg starta for alvor som felemakar i 2005, då eg kom i lære hjå Sigvald Rørlien på Ole Bull akademiet på Voss. Her gjekk eg i lære i 3 år, og har etter det etablera meg med eigen verkstad i Bø i Telemark.

Eg har heilt sidan 11-årsalderen spela hardingfele, og har også dyrka den eineståande musikken som kjem ut av dette instrumentet. Dette er ein stor fordel når det gjeld å skape fyrsteklasses instrument, slik målet er og alltid vil vera for dei fleste felemakarar.

Foto: Tom Riis



Eg lagar alt for hand, og legg mykje arbeid i kvart nye instrument. Alle instrument er såleis også unike både når det gjeld klang og utsjånad.
Materialane eg brukar kan vera både norske og utanlandske, avhengig av kva type instrument og klang eg vil ha.



Foto: Jan M. Lillebø

I tillegg til dette tek eg sjølvsagt også på meg reparasjonar, rigging eller anna vedlikehaldsarbeid som måtte vera nødvendig.





























Denna spelema`n, spela mykkje bære hæll eg, men `n hadde `kje kaamme i opprop som eg. De hjølper ikkje haa` go`n e``, har`n kje kaamme i opprop!
- Myllarguten

NYHENDE

05.08.2017
aaaaaaaaaa
aaaaaaaaaaaaaaaaa...
[Les meir]

03.07.2012
CD -utgjeving
I samband med at eg vann Landskappleiken i 2011, vart eg tilbydd platekontrakt med platese...
[Les meir]